Matthias Alexander Castrén

(Omdirigert frå M.A. Castrén)

Matthias Alexander Castrén (fødd 2. desember 1813 i Tervola, daud 7. mai 1852 i Helsingfors) var ein finsk etnolog og filolog som var ein pioner innanfor studiet av uralske språk.[1] For fleire språk, særleg samojediske og jeniseiske språk, er Castrén sitt materiale framleis det sentrale kjeldematerialet for desse språka. Castrén var også ein pionér innafor utforskinga av finsk. Castrén er kjent som grunnleggjaren av feltlingvistikken, og for den første lingvisten som undersøkte mange uralske språk. Han har også gjeve ut etnografiske tekstar. Castrén gjorde også, som den første eigentlege språkforskaren, feltarbeid blant samane.

Matthias Alexander Castrén

Fødd2. desember 1813
Tervola
Død7. mai 1852
Helsingfors
NasjonalitetStorfyrstedømmet Finland, Det russiske imperiet
Områdespråkvitskap, filologi
Yrkeantropolog, lingvist, omsetjar, universitetslærar, skribent, oppdagar
InstitusjonarHelsingfors universitet
Imperial Alexander University
Alma materHelsingfors universitet
Imperial Alexander University
EktefelleNatalia Castrén
BarnRobert Castrén

Castrén blei utnemnd som den første professoren i finsk ved Helsingfors universitet i 1851,[1] men døydde året etter som følgje av tuberkulose.

I 1841 gav han ut den første svenske omsetjinga av det finske nasjonaleposet Kalevala.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Matthias Alexander Castrén | Finnish nationalist and linguist», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 28. januar 2020 

Bakgrunnsstoff endre