MF «Stord»
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MF «Stord» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Ankerløkken Verft i Førde |
Verftsnummer: | 24 |
Sjøsett: | 1987 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | JXLL |
IMO-nummer: | 8513601 |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 2871 bruttotonnregister, 1396 nrt |
Lengd: | 87,00 m |
Breidd: | 14,80 m |
Djupgang: | 7,40 m |
Installert effekt : | 2700 bhk |
Framdrift: | 8cyl. 2T DM (Wärtsilä Wichmann Diesel, Rubbestadneset) |
Fart: | 15 |
Passasjerar: | 399 passasjerar |
Bilar: | 140 køyretøy |
MF «Stord» er ei bilferje levert frå Ankerløkken Verft i Førde i februar 1987 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Ferja var systerskipet til MF «Ullensvang» og i lag med denne vart ho sett inn i ruta Sandvikvåg-Halhjem. Ferja gjekk i denne ruta fram til januar 2007.
Fram til i dag har ferja vore i flåten til HSD, HSD Sjø, Tide Sjø og Norled heile vegen.
Ferjesamband
endre- 1987 - 2007: Sandvikvåg-Halhjem
- Januar - november 2007: Austevollshella-Hufthamar-Krokeide
- Sidan 2010: Stavanger-Tau
Kjelder
endre- Skipet.no
- «Stord» på Fjordfähren (tysk) Arkivert 2014-10-28 ved Wayback Machine.