Rubbestadneset er ein tettstad i Bømlo kommune i Vestland. Staden ligg på nordaustsida av øya Bømlo. Tettstaden har 1 192 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Rubbestadneset
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bømlo
Areal 1,07 km²
Folketal 1 192 (2017)
Folketettleik 1 114 / km²
Postnummer 5420 RUBBESTADNESET
Kart
Rubbestadneset
59°49′0″ N 5°16′0″ E

Rubbestadneset har grunnskule, vidaregåande skule, nærbutikk, hotell, bedehus, hurtigbåtstopp, frisørsalong og idrettshall med fotballbane. Rubbestadneset skulekorps vart stifta i i 1958.

Industri Endra

Bygda vaks fram rundt Wichmann Motorfabrikk som produserte båtmotorar frå 1903 til 1978. Då selskapet gjekk konkurs, vart det innlemma i finske Wärtsilä Norway AS, som i dag produserer propellar, gir og framdriftssystem, samt vedlikehald på Wichmannmotorar.

Den gamle smia der ein starta produksjonen av motorar står framleis i sentrum, og er i dag nytta som museum og utstillingslokale.

  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.