Melodi Grand Prix Junior Nordic (MGP jr. Nordic) er ei musikktevling for born mellom 8 og 15 år i dei nordiske landa. Ho vert arrangert på omgang av NRK, DR, SVT og YLE. Det er berre Finland som enno ikkje har arrangert tevlinga. Den danske musikktevlinga Dansk Melodi Grand Prix Junior vart arrangert fyrste gong i 2000 i Danmark, og suksessen vart gjentatt i 2001. I 2002 hadde idéen slått så godt an at han vart utvida til heile Norden, og Melodi Grand Prix Junior Nordic vart arrangert som eit samarbeid mellom Noreg, Sverige og Danmark. I 2007 vart Finland òg med i tevlinga.

Kvart deltakarland vel ut to (tidlegare tre) songar til tevlinga, som vert vist på direktesendt TV. Det blir så arrangert ei avstemming der kvart land kan stemme på songane frå dei andre songar for å kåre ein vinnar. Kvart deltakarland deltar gjennom ein nasjonal fjernsynskanal, som har ansvar for å velje ut kva artistar og songar som skal delta i konkurransen.

Deltakarar endre

Fire land har deltatt minst ein gong i konkurransen. Her er ei oversikt over desse landa etter kva år dei debuterte:

År Land som debuterte i konkurransen
2002   Danmark,   Noreg,   Sverige
2007   Finland

Vinnarar endre

År Vertsby Vinnarland Vinnarsong Artist Språk
2002   København   Danmark «Kickflipper» Razz Dansk
2006   Stockholm   Danmark «Tro på os to» SEB Dansk
2007   Oslo   Noreg «Bæstevænna» Celine Helgemo Norsk
2008   Århus   Noreg «Oro jaska beana» The BlackSheeps Norsk, samisk
2009   Stockholm   Sverige «En vanlig dag» Ulrik Munther Svensk

Kjelder endre