The BlackSheeps
The BlackSheeps er ei norsk rockegruppe frå Nesseby i Finnmark som vann Melodi Grand Prix Junior 2008 og Melodi Grand Prix Junior Nordic 2008 med den norsk-samiske songen «Oro jaska beana».[1]
The BlackSheeps | |||
Nikolaj Nordbakk Gloppen, Agnete Kristin Johnsen og Emelie Nilsen under den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2011 | |||
Opphav | Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2006–i dag | ||
Sjanger | Rock | ||
Medlemmer | Agnete Kristin Johnsen Emelie Nilsen Nikolaj Nordbak Gloppen Simon Stenvoll Pedersen | ||
Tidlegare medlemmer | Viktoria Eriksen Alexander Touryguin | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets hit |
Namnet på songen tyder «tei stille, hund» og songen handlar om ein hund som er så tjukk og usunn at han til slutt blir sjuk og døyr. Songen har hovudsakleg norsk tekst med innslag av samisk. Bandet vann prisen for årets hit under Spellemannprisen 2008 for songen.
29. januar 2011 enda dei på andreplass i den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2011 med den norsk-engelsk-samiske songen «Dance Tonight». Dei gjekk dimed vidare til finalen i Oslo Spektrum 12. februar 2011, og enda på andreplass.
Vokalist Agnete Johnsen var seinare norsk deltakar i Eurovision Song Contest 2016.
Diskografi
endre- Album
- 2009: Blacksheeps
- Singlar
- 2008: Oro jaska beana
- 2009: Edwin
- 2009: Gold Lion
- 2009: No Milk Today
- 2011: Dance Tonight
Kjelder
endre- ↑ Sigve Nedredal, Mette Ballovara og Halldor Asvall (5. september 2008). «Suveren seier til samisk rock». NRK Troms og Finnmark. Henta 14. september 2008.
- Nrk sami Radio:«Leverte maks igjen - klar for superfinalen» besøkt 29. november 2008
- Nrk sami Radio: «Presidenten stolt av popskjorte» besøkt 29 november 2008
- Vg: «The BlackSheeps merker ikke misunnelse» besøkt 29. november 2008
Bakgrunnsstoff
endre- Profil på NRK Urørt Arkivert 2008-09-18 ved Wayback Machine.
- Nrk super Arkivert 2008-12-21 ved Wayback Machine.
- MySpace profil
- Aftenposten: «Kunnskapsministeren heier på The BlackSheeps» besøkt 29. november 2008