MOT
MOT er ein norsk ideell organisasjon som har til mål å skape varmare og tryggare oppvekstmiljø for ungdom. Organisasjonen samarbeider med lokalsamfunn etter ein modell som inneheld program i ungdomsskule, vidaregåande skule og på ungdom sin fritidsarena.
MOT | |||
Type | stiftelse | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 976937244 | ||
Skipa | 11. juli 1996 | ||
Hovudkontor | Trondheim | ||
Leiar | Rune Bratseth | ||
Motto | Show courage! | ||
Nettstad | https://mot.no |
Historia til MOT
endreEtter å ha starta kalenderprosjektet «Norske Toppidrettsutøvarar mot narkotika» i 1994, tok Johann Olav Koss og Atle Vårvik initiativ til å etablere stiftinga MOT. 22. februar 1997 fekk organisasjonen sine første tilsette. Dei første MOT-informatørane vart utdanna sommaren 1997, og hausten 1997 vart MOT-program innført ved ungdomsskular rundt om i heile Noreg. Idrettslag og fotballag inngjekk avtalar med MOT, og alle laga i den norske tippeligaen profilerte MOT-logoen på spelartrøyene sine. Nokre år seinare vart òg MOT-programma innført i vidaregåande skular, og samarbeidsavtalar med norske kommunar vart formaliserte.
Organisering av MOT-arbeidet
endreSom individ kan ein ikkje bli medlem i MOT, men heile kommunar kan vedta å bli «Lokalsamfunn med MO»". Kommunen vel då ut og skolerer lokale medarbeidarar, informatørar.
MOT-informatørane følgjer opp skuleklassar med 15 besøk i ungdomsskulen. I desse timane blir tema som draumar, klassemiljø, mobbing, inkludering, ansvar og val tekne opp. Gjennom ung til ung-formidling, øvingar, historier, dialog og rollespel blir ungdom styrkt til å ta eigne val, ta vare på kvarandre og vise mot. Informatørane fungerer òg som miljøarbeidarar for klassen.
«Ungdom med MOT» er ein del av programmet i ungdomsskulen, der grupper av elevar aktivt skal jobbe for eit varmt og trygt miljø. Blant anna vitjar «Ungdom med MOT» barneskuleklasser for å gjere overgangen til ungdomsskulen lettare.
MOT-programmet legg sterk vekt på å skape indre motivasjon og gode haldningar og verd. Positive rollemodellar er ein viktig del av strategien til mot for å nå inn til ungdom. Mange idrettsutøvarar og artistar engasjerer som ambassadørar for å forsterke bodskapen i skulen. MOT har spesielt ein sterk tradisjon for å samarbeide med toppfotballklubbar.
Mål
endreVisjonen til MOT er å skape varme og trygge oppvekstmiljø.
MOT skal bidra til robuste ungdommar som trur på eigne krefter og tek medvitne val. MOT skal bidra til trygge ungdomsmiljø der ungdom gjer kvarandre verdifulle og skilnader blir akseptert.
Tal og fakta
endre- MOT samarbeider med over hundre kommunar frå Svalbard i nord til Farsund i sør.
- MOT har ca 650 lokalt utdanna medarbeidererar over heile landet, som arbeider med MOT i skule- og fritidssektor.
- 60 000 ungdommar i Noreg har MOT-undervising som ein del av sin skulekvardag.
Styreleiar er (2010) Rune Bratseth.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «MOT» frå Wikipedia på bokmål, den 16. oktober 2010.