MS «Alta»

MS «Alta» var eit kombinert laste- og passasjerskip (kystruteskip) som vart overlevert Finnmark Fylkesrederi og Ruteselskap (FFR), Hammerfest i 1950. Skipet var byggnummer 64 ved Trosvik mekaniske verksted i Brevik. MS «Alta» gjekk i rute Mosjøen - Hammerfest, men var fleire gongar utleigd som avløysarskip i hurtigruta. MS «Alta» vart seld til Fiji i 1967 og grunnstøtte og sokk året etter.

MS «Alta» (1950-1967)

«Tui Lau» (1967-1968)

Karriere
Type: laste- og passasjerskip
Eigar:

1950-1967: Finnmark Fylkesrederi og Ruteselskap (FFR)

1967-1968: Maritime Co-operative Shipping
Registreringshamn:

1950-1967: Hammerfest, Noreg

1967-1968: Suva, Fiji
Verft: Trosvik mekaniske verksted, Brevik
Byggjestart: 64
Sett i teneste: 1950
Jomfrutur: Sommaren 1950
Lagnad: Forliste i 1968
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 685 tonn
Lengd: 46 m
Dekkbreidde: 8,5
Djupgang: 3,45 m
Djupne: 3,45 meter
Fart: 12 knop
Passasjerar: 175
Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.