Karriere  Noreg
Namn: MS «Nesna»
Eigar: Det Helgelandske Dampskipsselskap
Rute: Sandnessjøen-Mo i Rana
Verft: A/S Stord i Stord kommune
Verftsnummer: 10
Sjøsett: 30. august 1950
Døypt: av fru Ørnes
Sett i teneste: 1951-1967
Heimehamn: Sandnessjøen
Kjennemerke: LAGJ
Generelle mål
Type: Kystrutebåt
Tonnasje: 205,4 brt
Lengd: 39,28 m
Breidd: 6,10 m
Djupgang: 2,70 m
Installert effekt : 680 hk
Framdrift: 8-sylindra dieselmotor frå Crossley
Fart: 14 knop
Passasjerar: 225 passasjerar
Generelle mål etter forlenging i 1880
Tonnasje: 653 brt
395 nrt
Lengd: 155,8 fot (47,5 m)
Breidd: 23,8 fot (7,3 m)
Djupgang: 9,1 fot (2,8 m)

MS «Nesna» var ein kystrutebåt bygt for Det Helgelandske Dampskipsselskap (HDS) ved A/S Stord i 1950-1951. Ho gjekk i rute mellom Sandnessjøen og Mo i Rana. Skipet var kjend for dei slanke og elegante linjene.

Historie endre

Båten vart sjøsett 30. august 1950 og døypt av fru Ørnes. Båten vart klassifisert i Skipskontrollen for 225 passasjerar. Skroget på skipet var heilsveist og overbygningen er laga av sjøvassbestandig aluminium.

Det kombinerte laste- og passasjerskipet vart levert 10. mai 1951 og gjekk inn i ruta Sandnessjøen - Mo i Rana. Skipet var godt likt i området.

6. juli 1952 hadde «Nesna» eit veivakselbrot som vart reparert ved Trondheim Mekaniske Verksteder. 27. september 1957 grunnstøytte skipet ved Kvina og ho vart reparert ved Sandnessjøen. 4. desember 1957 vart skipet sett i rute att, men i januar 1964 grunnstøytte skipet enno ein gong og fekk store skadar.

I 1967 vart MS «Nesna» omdøypt til MS «Sjona» og same året, den 6. mai, vart ho seld til D. Arnold i England. I 1971 var skipet sletta frå registeret og kva lagnad ho fekk vidare er ukjend.

Kjelder endre

  • Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 38. ISBN ISBN 82-95726-0-6 Check |isbn= value: invalid character (hjelp).