Ma'ale Hever (hebraisk skrift מַעֲלֵה חֶבֶר) eller Pnei Hever (hebraisk skrift פְּנֵי חֶבֶר) er ei religiøs israelsk busetjing. Landsbyen ligg aust i Hebron-fjellet på den okkuperte Vestbreidda, aust for Hebron og er underlagt Har Hebron regionale kommune. Landsbyen, som er heim til over femti familiar, er kalla opp etter den nærliggande Heverelva. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]

Ma'ale Hever
מַעֲלֵה חֶבֶר
landsby
Namneopphav: Heverelva
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Har Hebron
Koordinatar 31°29′10″N 35°9′58″E / 31.48611°N 35.16611°E / 31.48611; 35.16611
Folketal 635 (2019)[1]
Grunnlagd 1982
Kart
Ma'ale Hever
31°29′10″N 35°09′58″E / 31.486111111111°N 35.166111111111°E / 31.486111111111; 35.166111111111
Wikimedia Commons: Ma'ale Hever

Ma'ale Hever vart grunnlagd som Nahal Yakin den 31. januar 1982, som ein militær pionerutpost for Nahal og demilitarisert då han vart gjeven over til elleve familiar kort tid etter, den 24. august 1983. Dei første åra gjekk den einaste vegen til landsbyen forbi Bani Na'im, som no er ein del av Dei palestinske sjølvstyresmaktene.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre