Ma'ayan Barukh
Ma'ayan Baruch (hebraisk skrift מַעְיַן בָּרוּךְ, tyder Velsigna kjelde) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg nær staden der den israelske, syriske og den libanesiske grensa møter kvarandre, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 277.
Ma'ayan Barukh | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Øvre Galilea | ||
Koordinatar | 33°14′27.96″N 35°36′31.68″E / 33.2411000°N 35.6088000°E | ||
Folketal | 735 (2015) | ||
Grunnlagd | 11. mars 1947 | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
Ma'ayan Barukh 33°14′28″N 35°36′32″E / 33.2411°N 35.6088°E | |||
Kart som viser Ma'ayan Barukh.
| |||
Wikimedia Commons: Ma'ayan Baruch |
Historie
endreKibbutzen vart grunnlagd i mars 1947 på landområdet til Hamara, ein moshav som vart fråflytta i 1920. Grunnleggjarane var medlemmar frå andre kvutzot som hadde treft kvarandre i Kfar Giladi, i tillegg til medlemmar frå ungdomsrørsla HaTenua HaMeuhedet, Habonim, og medlemmar av ein garin av pionersoldatar frå Sør-Afrika som kjempa i den britiske hæren under andre verdskrigen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ma'ayan Barukh» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: