Macleod Point
Macleod Point er eit nes heilt søraust på Île Liège i Antarktiske Arkipel. Det er med på eit argentinsk kart i 1957, men ikkje namngjeve. Det vart fotografert frå lufta av Hunting Aerosurveys Ltd i 1956-57, og kartlagd frå desse bileta av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1959. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter John J.R. Macleod (1876–1935), ein skotsk fysiolog som var med på å oppdaga insulin i 1922.
Macleod Point | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Antarktiske Arkipel | ||
- koordinatar | 64°6′S 61°58′W / 64.100°S 61.967°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Macleod Point 64°06′00″S 61°58′00″W / 64.1°S 61.9667°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Macleod Point» (innhald frå Geographic Names Information System).