For einkvan som vurderer ein eksamen, sjå sensor.

Sensur er ei handling som held noko igjen frå allmugen, til dømes informasjon, bilete eller ytringar. Ordet blir mest brukt om desse handlingne utført av offentlege styresmakter, men kan også dreia seg om til dømes handlingar innan ei verksemd eller om éin enkeltperson, såkalla sjølvsensur. Årsaker til sensur kan vera at visse ting blir omfatta av tabu, kan avsløra viktige løyndommar, setja nokon i eit dårleg lys eller liknande. Både ytringsfridom og tilgang til informasjon er viktige demokratiske prinsipp, og opne samfunn er derfor forsiktige med sensur, som ein i staden gjerne set i samband med totalitære samfunn og propaganda.

Sensurering av ei avis i Portugal i 1970.

Politisk sensurEndra

Politisk sensur er mest utbriedd i diktatur og totalitære statar, som fascistiske og kommunistiske statar, men autoritære regime sensurerer òg ofte tilgangen til media. I autoritære statar vert massemedia som aviser, bøker og filmar sensurerte. I Sovjetunionen vart òg musikk sensurert[treng kjelde]. Bøker skrivne av forfattarar som styresmaktene ikkje likar får ikkje alltid publisert det dei skriv. Det hender òg at demokratiske statar vert freista til å nytta sensur. Dette skjedde til dømes i Storbrittania då regjeringa, i perioden oktober 1988 til september 1994, ikkje tillet at stemmen til medlemmar av Sinn Fein vart kringkasta[1]. Forbodet omfatta fleire nordirske organisasjonar, men vart i samtida sett på som retta mot Gerry Adams.

SjølvsensurEndra

I autoritære statar lyt forfattarar ofte vera forsiktige med kva dei skriv, for at bøkene ikkje skal verta stogga av sensuren. Dette vert kalla «sjølvsensur». Under 2. verdskrigen var sjølvsensur vanleg i okkuperte land.

Sensur av InternettEndra

Internett har ført til at det er vanskelegare å sensurera nyheiter, med fleire regjeringar filtrerer tilgangen til internettsider dei ikkje vil at innbyggarane skal ha tilgang til[2]. Kina[3] og Iran[4] er eit typisk døme på dette. Andre døme er Tyrkia som freista å legga press på Twitter[5] og USA som i 2013 blokkerte tilgang til den britiske avisa The Guardian frå militære basar, for å hindra tilgang til artiklar om varslaren Edward Snowden[6][7].

ReferansarEndra

  1. Welch, F. (5. april 2005). «The 'broadcast ban' on Sinn Fein». 
  2. Giæver, O.P. (9. desember 2008). «Kraftig økning i nettsensur». abc nyheter. 
  3. Amundsen, G. (8. juni 2009). «Økt Internett-sensur i Kina». Aftenposten.no. 
  4. Aamo, V. (11. mars 2013). «Iran stenger portene for digital kommunikasjon». Hardware.no. 
  5. «Turkey heads for Twitter showdown after anti-government protests». The Guardian. 27. juni 2013. Arkivert frå originalen 2013-06-29. 
  6. «Amerikanske soldater nektes adgang til The Guardian». Nrk.no. 29. juni 2013. 
  7. Vedeler, M. (28. juni 2013). «The Guardian blokkert av USAs forsvarsdepartement». Aftenposten.no. 

BakgrunnsstoffEndra