Magda Blanc

norsk skodespelar

Magda Blanc (27. mars 18796. april 1959) var ein norsk skodespelar. Ho hadde ei leiande rolle ved Den Nationale Scene i Bergen i ei årrekkje.

Magda Blanc

Fødd27. mars 1879
FødestadBergen
Død6. april 1959 (80 år)
DødsstadBergen
Verka somskodespelar
EktefelleHenning Eriksen, Sverre Jordan
PrisarKongens fortenestmedalje i gull, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden
Magda Blanc i tittelrolla i Amalie Skram sitt skodespel Agnete, fotografert av Brødrene Larm i 1901.

Bakgrunn

endre

Blanc var fødd i Bergen som dotter av bankbokhaldaren Adolf Christian Blanc og Magdalene Thomsen. Familien hadde stor interesse for teater, og faren var mange år i styret ved Den Nationale Scene. Magda sjølv viste musikalsk talent. Etter middelskulen drog ho til utlandet for å studera vidare, fyrst på klosterskule i Paris, så nokre år i Hamburg der ho studerte song og teater.[1]

Karriere

endre

I 1901 debuterte ho ved Den Nationale Scene i fødebyen, i tittelrolla i Amalie Skram sitt skodespel Agnete.[1] Ho utvikla seg til å bli ein av dei fremste skodespelarane ved dette teateret.

Magda Blanc hadde ein leiande posisjon ved Den nationale scene. Ho briljerte i i dramatiske roller såvel som i komediefaget, og gjorde også lykke som resitatør. Ho fekk Kongens fortjenstmedalje i gull[2] og blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Frå 1954 fekk ho kunstnarløn.[1]

Privatliv

endre

I 1906 gifta ho seg med skodespelaren Henning Eriksen (1878-1922). Dette ekteskapet blei oppløyst i 1915, og ho gifta seg opp att i 1918 med kapellmeister Sverre Jordan (1889-1972). Dette andre ekteskapet varte fram til 1949.[1]

Teaterroller (utval)

endre
År Oppsetjing Rolle Forfattar Regissør Scene Ref.
1920 Haabet Fiskerjenta Jo Herman Heijermans jr. Christian Sandal Den Nationale Scene [3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Lyche, Lise (18. juni 2024). «Magda Blanc». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  2. «ISBN 82-90964-00-5 Christian Sandal og 16 store samtidige scenekunstnere i Bergen». udatert. Henta 24. august 2022. «Side 21» 
  3. «Haabet». Sceneweb. Henta 2. mars 2021.