Den Nationale Scene

teater i Bergen

Koordinatar: 60°23′33.11″N 5°19′11.62″E

Den Nationale Scene er ein teaterinstitusjon i Bergen med røter attende til midten av 1800-talet, då Ole Bull sette opp teaterframsyningar i Det norske Theater. Frå 1852 til 1857 var Henrik Ibsen tilsett ved dette teateret.

Den Nationale Scene
Foto: Svein-Magne Tunli

I 1876 vart Den Nationale Scene stifta. Teateret sette opp framsyningane i det same teaterhuset som Det norske Theater spela i, Komediehuset på Engen.

Den noverande teaterbygget, teikna av Einar Oscar Schou, opna den 19. februar 1909 med framsyninga Erasmus Montanus av Ludvig Holberg.

Utanfor teateret er det mellom anna reist statue av forfattarane Nordahl Grieg og Bjørnstjerne Bjørnson.

TeatersjefarEndra

BakgrunnsstoffEndra