Magerstein
Magerstein (italiensk Monte Magro) er ein 3 273 meter over havet høg fjelltopp i Rieserferner-massivet i Hohe Tauern i provinsen Bolzano i Italia. Fjelltoppen kjem i skuggen av den noko høgre Schneebiger Nock, som reiser seg om lag 1200 meter unna i nordvestleg retning på ei egg som strekker seg mellom dei to toppane. På nordsida av Magerstein breier Westliche Rieserferner seg, den største isbreen i Rieserferner-massivet.
Magerstein | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Hohe Tauern | ||
Høgd | 3 273 moh. | ||
Førstestiging | 1878 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Magerstein | |||
Wikimedia Commons: Magerstein | |||
Dei fyrste på toppen av Magerstein var Reinhold Seyerlen og professor Reuschle frå Stuttgart, saman med Stefan Kirchler, den 10. juli 1878.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Magerstein» frå Wikipedia på tysk, den 1. august 2014.