Magne Fagerheim
politikar og lokalhistorikar
Magne Fagerheim (20. januar 1916–1. november 2007) var ein norsk adjunkt, lokalhistorikar og SV-politikar. Han var frå Dale i Fjaler kommune. Fagerheim var lærar ved Falchs Pensjonat- og Middelskole, og dreiv saman med brørne Oddleif Fagerheim og Sverre Fagerheim Sunnfjord Gymnas i tida 1943-1951.
Magne Fagerheim | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. januar 1916 Fjaler kommune |
Død |
1. november 2007 (91 år) |
Yrke | adjunkt, lokalhistorikar, skribent, politikar |
Politisk parti | Sosialistisk Venstreparti |
Far | Ragnvald Fagerheim |
Fagerheim har vore medforfattar av bygdeboka for Fjaler. Saman med Magne Bøtun skipa Fagerheim i 1965 fylkesavdelinga av Sosialistisk Folkeparti, som i 1974 gjekk inn i SV.
Han var leiar av Fjaler Sogelag og i styret i Sunnfjord Sogelag i mange år.
Magne Fagerheim var son til Ragnvald Fagerheim og bror til Oddleif Fagerheim.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1976 – Fjaler : gards- og ættesoge. Bind 1. Holmedal sokn (Dale: Fjaler sogelag) I fulltekst ved nb.no [Av Ragnvald Fagerheim og Magne Fagerheim]
- 1976 – Fjaler : gards- og ættesoge. Bind 2. Dale sokn (Dale: Fjaler sogelag) I fulltekst ved nb.no [Av Ragnvald Fagerheim og Magne Fagerheim]
- 1976 – Fjaler : gards- og ættesoge. Bind 3. Dale og Guddal sokn (Dale: Fjaler sogelag) I fulltekst ved nb.no [Av Ragnvald Fagerheim og Magne Fagerheim]
- 1990 – Fjaler helselag 1915 - 1990 (Dale: Fjaler helselag). ISBN 82-992187-0-5 I fulltekst ved nb.no
- 1998 – "Kjeldene fortel" : "Born av deim som bygde landet er på tuftom enno til" (Flekke: Fjaler sogelag)
- 1998 – Pensjonatskular i Fjaler gjennom 100 år (Dale: Fjaler kommune). ISBN 82-994876-0-9 I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift - eit utval
endreKjelder
endre- Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Arkivert 2017-04-06 ved Wayback Machine.