Magne J. Rongved

norsk politikar

Magne Jonsson Rongved (27. juni 185828. oktober 1933) var ein gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Haus i Hordaland. Han representerte Søndre Bergenshus amtStortinget frå 1903 til 1906.

Rongved var son til ein gardbrukar på Rongve i Haus. Sjølv tok han i 1879 eksamen ved artilleriet sin underoffiserskule i Kristiania. Han avanserte til sersjant og kommandersersjant, stykjunker frå 1902 til -09. I 20 år dreiv han farsgarden på Rongve og var elles ordførar i Haus i 12 år. Tingbolken 1900-03 var han 1. varamann til Stortinget frå Søndre Bergenhus, møtte i 1903 frå 11. mai i staden for Tornøe, medlem Landbrukskomiteen. Valperioden 1903-06 var han 3. representant frå same amtet, sat då i Vegkomiteen. Rongved høyrde til Moderate Venstre.

Frå 1. september 1909 var Rongved lensmann i Hamre til han i desember 1927 slutta i ombodet. Jamsides var han ei tid formann i forliksrådet og formann i forstandarskapet i Hamre og Åsane Sparebank, samt medlem i heradsstyret.

KjelderEndra