Magnetisk levitasjon

Magnetisk levitasjon eller maglev er heving av ein lekam ved hjelp av magnetfelt, slik at det kan røre seg utan friksjon. Magnetisk trykk vert nytta til å motverke effektane av gravitasjon og andre akselerasjonar.

Leviterande pyrolytisk karbon.

Earnshaw-teoremet beviser at ved å bere nytte ferromagnetiske eller paramagnetiske stoff er det umogeleg å levitere ein lekam stabilt mot tyngdekrafta, men servomekanismar, diamagnetiske stoff, superleiing eller system som omfattar virvelstraumar gjer at ein kan oppnå den naudsynte stabiliteten.

Jarnbanar basert på dette prinsippet er i drift mellom anna i Tyskland og Japan og vert kalla maglev eller magnetbane.

KjelderEndra