Opna hovudmenyen

Magnhild er eit kvinnenamn av norrønt opphav. Magn(h)ildr var sett saman av magn, 'styrke', og hildr, 'kamp, strid'.

Magnhild har namnedag den 29. mai.

Magnhild er særleg brukt i Noreg. Bruken av namnet steig kraftig frå 1880 fram til rundt 1930, då nær 1,0 % av nyfødde jenter blei kalla det. Deretter gjekk bruken ned, med eit lågpunkt sist på 1960-talet. I 2009 var det 3 835 norske kvinner som heitte Magnhild.

NamneberararEndra

KjelderEndra