Mahmoud Abbas (fødd 15. november 1935), også kjend som Abu Mazen (ابو مازن), er ein leiande palestinsk politikar og akademikar. Han var også med på å stifte Fatah, den største fraksjonen i PLO.

Mahmoud Abbas

Føddمحمود عباس
15. november 1935 (88 år)
Safed
Statsborgar avPalestina
PartiFatah
Yrkepolitikar, jurist
Utdanna vedUniversitetet i Damaskus
Russlands folkevennskapsuniversitet
EktefelleAmina Abbas
BarnYasser Abbas
MedlemPalestinas frigjøringsorganisasjons eksekutivkomité
Alle verv
  • Prime Minister of the Palestinian National Authority (2003–2003)
  • President i den palestinske selvstyremyndigheten (2005–)
  • Secretary of the Executive Committee of the Palestine Liberation Organization (1996–2003)
  • styreleiar (Fatah, 2004–)
  • Head of Negotiations Affairs Department (1994–2003)
  • styreleiar (Central Election Commission, 1996–2002)
  • president of the State of Palestine (2008–) Sjå dette på Wikidata
Mahmoud Abbas i 2007.
Foto: World Economic Forum

Liv og virke

endre

Familien flykta til Syria under krigen i 1947–1948. Han studerte juss ved Universitet i Damaskus, og har doktorgrad i historie frå Moskva.

Abbas signerte Oslo-avtalen på vegner av PLO. Han leidde PLO si forhandlingsavdeling frå 1994 til 2003 og var den første palestinske statsministeren for dei palestinske sjølvstyresmaktene. Abbas har vore leiar for den palestinske organisasjonen PLO sidan Yassir Arafat døydde 11. november 2004.

Han blei vald som president for dei palestinske sjølvstyresmaktene ved presidentvalet i Palestina i 2005.

Namnet Abu Mazen er ein heiderstittel som uttrykkjer vørdnad i det palestinske samfunnet og viser til rolla hans som far til Mazen, eldste son hans. Det er vanleg for arabiske menn å ha slike namn.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Mahmoud Abbas