Maiblom

planteart

Maiblom (Maianthemum bifolium) er ei urt i maiblomslekta i aspargesfamilien.[1][2] Arten er utbreidd i Europa og Asia.

Maiblom
Maiblom
Maiblom
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Nolinoideae
Slekt: Maiblomslekta Maianthemum
Art: Maiblom M. bifolium
Vitskapleg namn
Maianthemum bifolium

Planta er 10 cm høg, har hjarteforma blad frå jordstengelen og to på stengelen. Ho har ein allsid klase med små kvite 4-talsblomstrar og små raude søte bær. Blomane har fire mjølberarar. Maiblom blømer kring mai i lauv- og barskog. Planta veks over heile Noreg, men sjeldan lengst i nord. Ho er funnen opp til 1265 m i Setesdal.[1] Planta er giftig.[3].

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 226. 
  2. «Artsdatabanken: Maiblom». Artsdatabanken. 7. mars 2023. 
  3. Wigander, Millan: Farliga växter, Almqvist & Wiksell Förlag, Stockholm 1976, s. 81. ISBN 91-20-04445-3. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maiblom