Maiblomsten er ei lita, blomsterforma nål til å sette på jakkeslaget eller liknande. Maiblomsten oppsto i Sverige etter en idé av Beda Hallberg, og har vore seld i Sverige sidan 1907. Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.) tok til med sal av Maiblomsten i Noreg i 1909, seinare vart han seld i samarbeid mellom N.K.S. og Nasjonalforeningen for folkehelsen. Blomen blir også seld i Finland og Estland.

Svensk maiblomst frå 2007
Reklameplakat for maiblomsten 1915

Rosenknop.
vaardagsbrud,
kjærlighetens milde bud,
luk du hjertets solblomst op.

M. B. Landstad
«MAIBLOMSTEN 1915» (tredje verset)

Sal i Noreg endre

Maiblomsten har alltid vore relativt billeg. På slutten av 1960-talet kosta han 50 øre. Seljarane fekk 10 % provisjon. I dag kostar han 5 kr.

Maiblomsten har tilført N.K.S. og Nasjonalforeningen relativt store inntekter. I perioden 1909-2009 skal det reine kronebeløpet (ikkje inflasjonsjustert) vere på om lag 150 millionar kroner. I dei første åra vart inntektene nytta i kampen mot tuberkulosen. Etter krigen gjekk inntektene til ulike tiltak for å attreise folkehelsa.

I dag går inntektene av salet til prioriterte satsingsområde for NKS, som til forsking på kvinnehelse og arbeid for barn og unge. Inntektene blir nytta både til nasjonale og lokale tiltak.

Bilmaiblome endre

Bilmaiblomen er ein maiblome for bilar. Denne er om lag 10 cm stor og kan anten festast i frontrutespegelen eller på grillen frampå bilen. Dei har komme i to fargekombinasjonar; raud og blå, og gul og grøn.

Litteratur endre

Til maiblomsten i 1915 vart eit dikt av M. B. Landstad trykt på rekameplakatane Til kamp mot tuberkulosen.

Et frø som falt i hjertenes jord
er blitt til blomster som villig gror
og vokser i millioner
av blanke blomsterkroner
Maiblomsten! Og se i dens spor
blomstrer frelsen
for folkehelsen

Herman Wildenvey

Herman Wildenvey har skrive eit hyllingsdikt til Beda Hallberg og Maiblomsten.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre