Cholet
Horisonten til Cholet
Byvåpenet til Cholet
Byvåpenet til Cholet
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Pays-de-la-Loire
Maine-et-Loire
Geografi
Flatevidd
 - By

87,47 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

54 204
  620/km²
Koordinatar 47°03′36″N 00°52′42″WKoordinatar: 47°03′36″N 00°52′42″W
Høgd over havet 124 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-cholet.fr
Plassering
Plassering av Cholet

Cholet er ein by vest i Frankrike i departementet Maine-et-Loire i regionen Pays-de-la-Loire, 65 km søraust for Nantes. I dag har byen om lag 55 000 innbyggjarar, medan han i 1906 hadde 16 554 innbyggjarar. Cholet er sentrum for tettatdområdet Cholet, som har rundt 107 000 innbyggjarar.[1]

Cholet ligg på ei høgd på høgre side av elva Moine, som vert kryssa av ei bru på 1400-talet.[2]

HistorieEndra

Veveindustrien gjorde at byen blømde under Edouard Colbert, greve av Maulevrier og bror til Jean-Baptiste Colbert.[2] Byen leid kraftig naud under Opprøret i Vendée, særleg under slaget ved Cholet den 17. oktober 1793. 60-70 % av byen blei øydelagd,[3] og av eit folketal på 8 400-8 500 omkom eller forsvann rundt 5 000.[4]

ØkonomiEndra

Ved byrjinga av 1900-talet blei det henta ut granitt i steinbrot nær byen. Hovudnæringa her var produksjon av lin og linlommetørkle, som også blei produsert i nabokommunar i stor skala. Det blei også laga ull- og bomullstekstilar her. Cholet var det viktigaste senteret i Frankrike for sal av slaktefe til oppføding, sauer og svin, med Paris som den viktigaste marknaden.[2]

Det finst fleire små og mellomstore bedrifter rundt byen, i tillegg til avdelingar av fleire internasjonale føretak. Området har noko av den lågaste arbeidsløysa i Frankrike. Tekstilindustrien har gjeve opphav til tilknytte aktivitetar, som motegymnas, tekstilmuseum og konfeksjonsføretak som Catimini.

Av større føretak som er aktive i Cholet kan nemnast:

  • Michelin, den leiande dekkprodusenten i Europa
  • Dorel (tidlegare Ampafrance), barneartiklar
  • Nicoll, plasttilbehør for konstruksjon
  • L'Abeille, eit dotterselskap av Laiterie de Saint-Denis-de-l'Hôtel-gruppen som produserter drikkar (fruktjuice, brus)
  • Thales, sivil og militær elektronikk, opphavleg under namnet Société française radio-electric (SFR)
  • Charal, slakteri og kjøtprosessanlegg
  • Jeanneau, eit dotterselskap av Bénéteau-grupan, og Nicols (i Puy-Saint-Bonnet), skipsbygging
  • Nadia, produksjon av skilt og utstyr for vegtrafikk;
  • Tim Composites, produksjon av aluminiumskomposittpanel[5].

SjåverdigEndra

 
Jardin du Mail

Det ligg ein offentleg park på eigedommen til det gamle slottet. Offentlege bygg og kyrkjer er moderne bygg. Eglise du Sacré-Cœur frå 1939 er bygd i bysantinsk romanesk stil, utforma av den lokale arkitekten Maurice Laurentin.[6] Eglise Notre-Dame er rekna som eit monument historique.[7]

Det finst fleire megalittar i området.[2]

 
Eglise Notre Dame

Eit tekstilmuseum, Musée du Textile, syner fram dei tradisjonelle maskinane ein brukte til å laga dei kjende lommetørkla frå byen, i tillegg til teknikkane og den munnlege og lokale historia knytt til denne industrien.

KjelderEndra

  1. CA Agglomération du Choletais (N° SIREN : 200071678), BANATIC. Vitja 24. mars 2022.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
  3. Jacques Hussenet 2007, s. 273.
  4. Jacques Hussenet 2007, s. 271.
  5. «Tim Composites, Qui Sommes-nous ?». timcomposites.fr. Henta 23. mai 2022. 
  6. Augustin Jeanneau, Cholet et les Choletais après la belle époque, Cholet: Les Éditions du Choletais, 1974; p. 167
  7. Direction de la communication de la ville de Cholet, «Programme de réhabilitation des édifices cultuels», Cholet mag (261, oktober 2012): 8 


BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Cholet