Maisild

Status i verda: LC Livskraftig

Alosa alosa.jpg

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Orden: Clupeiformes
Familie: Clupeidae
Slekt: Alosa
Art: A. alosa
Vitskapleg namn
Alosa alosa

Maisild (Alosa alosa) er ein anadrom sildefisk som lever vest i Middelhavet og i Atlanterhavet ved Europakysten. Arten skal visstnok smaka særs godt, men inneheldt mange bein. I norske farvatn førekjem han som ein sjeldan gjest.

Maisild
Namn på andre språk
SvenskMajfisk
EngelskAllis Shad
TyskMaifisch, Alse
FranskGrande alose
SpanskSábalo
RussiskJevropejskaja aloza (Европейская алоза)

KjenneteiknEndra

Maisilda er sølvglinsande med 1-6 svake flekkar på sidene. Kroppen er noko samantrykt, med bukfinnar om lag rett under ryggfinnen. Halefinnen er djupt kløfta. Arten vert ofte forveksla med stamsilda, men har mange fleire gjellestavar; 90-120 på den første gjellebogen. Skjela til fisken er lange og tynne.

Maisild kan bli opp til 83 cm lang og når ei vekt på 3-4 kg.

LevesettEndra

Maisilda er ein stimfisk som lever pelagisk i kystnære farvatn i saltvatn. Her lever dei av dyreplankton, særleg raudåte og kril.

I mai går stimen opp i elver for å gyta. Dette skjer om natta nær overflata, helst i sterk straum. Ei ho kan gyta mellom 50 000 og 600 000 rogn med ein diameter på 1-2 mm. Etter tre døger til ei veke klekkar den 7-12 mm lange yngelen, som vanlegvis heldt seg i elva i om lag eit år. I førstninga etter at dei har vandra ut lever dei helst i elvemunninga.

KjelderEndra

  • Jonsson, Bror: «Sildefisker» i Norges dyr - Fiskene 1 Cappelen 1992
  • FishBase