Makar (russisk Остров Макар; Ostrov Makar) er ei øy i Laptevhavet i republikken Sakha i Russland. Ho ligg i bukta der Jana munnar ut, om lag 30 km frå kysten i sør og 21 km nord for Sjelonskijøyane.

Makar
øy
Land  Russland
Del av Yana Bay Islands
Kart
Makar-øya
71°51′38″N 138°24′44″E / 71.860555555556°N 138.41222222222°E / 71.860555555556; 138.41222222222
Plasseringa til Makar i Laptevhavet.

Makar er flat og myrlendt. Ho har nokre små innsjøar og ei landtunge som peikar austover.[1] Ho har ei lengd på 11 km og er 6 km på det breiaste. Øya, som Muostakhøya lenger vest i Buor-Khaja-bukta, er utsett for kraftig erosjon.[2]

Janabukta er utsett for det harde arktiske klimaet med mange stormar og snøstormar. Havet i bukta er dekt av tjukk is om lag åtte månader av året.

I 1986 vart det funne bisonbein frå kvartærtida av Ju. A. Jarlykov på Makar.[3]

Det ligg ein russisk polarstasjon på Makar.

Kjelder endre

  1. Geografisk skildring[daud lenkje]
  2. Erosjon på Makar, arkivert frå originalen 9. februar 2012, henta 4. august 2008 
  3. Bisonbein, arkivert frå originalen 9. februar 2012, henta 4. august 2008 

71°51′58″N 138°30′00″E / 71.866°N 138.500°E / 71.866; 138.500