Makijivka

by i Ukraina

Makijivka (ukrainsk Макіївка; russisk Макеевка, Makejevka; tidlegare namn: Dmytrijivsk, Dmytrijevskyj) er ein industriby aust i Ukraina i Donetsk oblast (provins), 25 km frå Donetsk. Byen har kring 390 000 innbyggjarar (2004). Han har eit viktig senter for stålindustri og kolgruvedrift i landet. Donetsk og Makijivka har meir eller mindre vokse i saman, så det er vanskeleg å sjå kvar den eine sluttar og den andre byrjar. Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Donetsk.

Makijivka
Макіївка
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Donetsk oblast
Rajon Makijivka bykommune
Høgd 169 moh.
Koordinatar 48°05′0″N 38°04′0″E / 48.08333°N 38.06667°E / 48.08333; 38.06667
Areal 218,2 km²
Folketal 389 589  (2004)
Folketettleik 1 785 / km²
Grunnlagd 1696
 - Byrettar 1925
Borgarmeister Oleksandr Maltsev
Postnummer 86100-86180
Retningsnummer +380 6232
Kart
Makijivka
48°03′20″N 37°57′40″E / 48.055555555556°N 37.961111111111°E / 48.055555555556; 37.961111111111
Wikimedia Commons: Makiivka
Nettstad: makeyevka.dn.ua

Historie endre

Lenge trudde ein at Makijivka vart grunnlagd i 1777, men nyare forsking har vist at han vart nemnd i skriftlege kjelder kring 1696. Den første gruva nær byen vart opna i 1875. I 1899 vart det grunnlagd ein metallurgi-busetnad i nærleiken kalla Dmytrijevsk.

Makijivka var berre ein liten landsby då han vart slått saman med den nærliggande Dmytrijivsk. Dmytrijivsk utvikla seg så til ein av dei største kolgruve- og industrisentera i Donetsbekkenet. I 1931 fekk Dmytrijivsk-Makijivka det nye namnet Makijivka.

I 1939 budde det 8000 jødar i Makijivka. I 1942 melde nazistane at Makijivka no var "fri for jødar". Nazistane avretta i alt 493 personar her.

I september 2006 vart den første synagogen i byen reist, den første på nesten 70 år. .

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre