Makran
Makran ([mæk'rɑːn]) er ei kyststripe sør i Iran og Pakistan. Ho er ein halvørken som går frå Persiabukta til Omanbukta.
Av kystlina på rundt 1000 km ligg rundt 750 km i Pakistan, i provinsane Sindh og Balutsjistan. Kyststripa er smal og går raskt over i fleire fjellkjeder. Klimaet er særs tørt. Makran er svært tynt folkesett, og dei fleste innbyggjarane bur i små hamnebyar som Chabahar, Gwatar, Jiwani, Gwadar, Pasni, Ormara og mindre fiskelandsbyar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Makran» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2015.