Opna hovudmenyen
Gwadar
Horisonten til Gwadar
Styresmakter
Land
Provins
Distrikt
Pakistan
Balutsjistan
Gwadar
Geografi
Flatevidd 12 637 km²
Innbyggjarar 53 080 (est. 2008)
Plassering
Plassering av Gwadar

Gwadar er ein hamneby sør i Balutsjistan i Sørvest-Pakistan. I 2007 hadde byen rundt 53 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 100 kilometer aust for grensa til Iran og 460 kilometer vest for Karachi. Han ligg strategisk til i kystområdet Makran, nær Hormuzsundet mellom Omanbukta og Arabiahavet. Staden høyrde til tidlegare Oman, men blei kjøpt av Pakistan i 1958 og utvikla frå ein fiskarlandsby til ein planlagd by.

Gwadar hamn.

Gwadar har ei trafikkert hamn med oljeterminal og internasjonal flyplass. Den novarande hamna blei oppført i 2002, mykje med økonomisk støtte frå Kina.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Gwadar