Halvørken viser til landområde prega av tørke, lite nedbør og svært sparsam vegetasjon. Ein reknar med at halvørkenområde har ei årleg nedbørsmengd på under 250 mm.[1] Det finst likevel inga tydeleg grense mellom busksteppe, halvørken og eigenleg ørken.[2]

Halvørken i Querétaro i Mexico.

Halvørkenar er biomar som liknar ørken. Ein finn dei til dømes i delar av sørvestlege USA og nordvestlege Mexico, der vegetasjonen er dominert av kaktus og andre sukkulentar. Halvørkenar finst vidare i indre Australia, områda nord og aust for Kaspihavet og i dei sørlege og nordlege utkantane av Sahara.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Definisjon på halvørken Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine. frå den engelske miljøtermbasen ETDS (Environmental Terminology and Discovery Service).
  2. halvørken, Den Store Danske.