59°7′59.351″N 16°43′50.894″E / 59.13315306°N 16.73080389°E / 59.13315306; 16.73080389

Malmköpings rådhus

Malmköping er ein svensk tettstad i Flens kommun i Södermanlands län i Södermanland. I år 2005 hadde tettstaden 2 000 innbyggjarar. Malmköping ligg cirka 15 kilometer nord for Flen.

Malmköping ligg 15 km nord for Flen, er kommunen sin største turiststad, og sete for Sveriges lokaltrafikmuseum med mellom anna sporvogner frå dei 13 sporvognsbyane i Sverige. Museet blir drive på ideell basis av medlemmar i Svenska Spårvägssällskapet. I Malmköping ligg òg museet Malmahed og eit såkalla naturum.

Historie endre

 
Storgatan

Utgravningar har vist at området var busett alt for 5000 år sidan. Malmköping er først og fremst prega av regimentet som hadde øvingsstaden sin her. Staden er opphavleg vekse opp omkring forsvaret som hadde verksemd der mellom åra 1774 og 1921.

I 1771 vart Gustaf Adolf von Siegroth sjef for Södermanlands regiment, og same år valde han ut Malma hed til permanent ekserserplass.

Malmköping, som opphavleg heitte Malma by, vart då permanent øvingsplass for Södermanlands regiment. Det finst mange minner frå militærperioden, mellom anna eksersisfeltet Malma hed. I tilknyting til øvingsfeltet ligg Plevnahöjden, som i dag er friluftsområde med skiheis, utsiktsplass, hotell og anna.

Namnet Plevna kjem frå den bulgarske byen Pleven. Der vart det i 1877 utkjempa harde slag under den russiske-tyrkiske krigen på Balkan. Då brukte ein for første gongen skyttergraver, eit system som seinare vart innført i Malmköping. Restane av desse øvingsskyttergravene finst framleis på Plevnahöjden. I 1921 flytta Södermanlands regiment permanent til Strängnäs.

Staden i dag endre

 
Luftfoto over austlege Malmköping (august 2006).

I dag er staden kanskje best kjend for Malma Marka som blir det arrangert på Malma hed. Marknaden er vorte arrangert årleg av Malmköpings IF i juli sidan 1976 og pleier å trekkje ca 60 000 – 80 000 vitjarar.

Jarnbane endre

Tidlegare gjekk jarnbana Stålboga-Skebokvarn gjennom Staden. Etter at han vart nedlagt, har stasjonen og ei strekning av linja vorte ombygd til museumssporveg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre