Pleven
Pleven (bulgarsk Плевен) er ein by og ein kommune i provinsen Pleven i Bulgaria, og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar byane Pleven og Slavjanovo, i tillegg til 23 andre busetnader. Han ligg nord i landet, og er den sjuande største byen i Bulgaria.
Pleven | |||
Плевен | |||
Kommune | |||
Hovudgata i Pleven
| |||
|
|||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Provins | Pleven | ||
Koordinatar | 43°24′28″N 24°37′13″E / 43.40778°N 24.62028°E | ||
Høgd | 116 m | ||
Areal | 803,696 km² [1] | ||
Folketal | 113 131 (2021)[2] | ||
Folketettleik | 140,76 / km² | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Postnummer | 5800 | ||
Retningsnummer | 064 | ||
Bilnummer | EH | ||
Pleven 43°25′00″N 24°37′00″E / 43.416666666667°N 24.616666666667°E | |||
Pleven kommune i provinsen Pleven
| |||
Wikimedia Commons: Pleven Municipality | |||
Nettstad: pleven.bg |
Kommunen har eit areal på 804 km2.[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 113 131 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 92 101 innbyggjarar.[2]
Til storbyområdet for Pleven høyrer heile kommunen Pleven i tillegg til kommunane Dolna Mitropolija og Dolni Dăbnik.[3] Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 139 903.[2]
Internasjonalt er byen kjend for Omleiringa av Pleven i 1877, og er i dag eit stort økonomisk senter nordvest i Bulgaria. Han ligg 170 km frå hovudstaden Sofia og 320 km frå kysten av Svartehavet.
Historie
endreNamnet Pleven dukkar opp i eit historisk dokument for første gong i 1266, då det låg ei festning her. Arkeologiske utgravingar har vist at det har budd menneske i området i langt lengre tid. Under det første hundreåret etter Kristus tok romararne over staden og kalle byen Storgosia. Av slavarane fekk byen seinare namnet Kamenec. Namnet Pleven kjem frå 1200-talet. Under osmanarane var Pleven ein sterk festning og garnisonsby, som utvikla seg til eit viktig forvaltings-, handels- og handverkssentrum.
Byen var ein viktig krigsskueplass under den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878, då den russiske tsaren Alexander II heldt byen for å kunne frigje Bulgaria. Den russiske og rumenske hæren betalte dyrt for sigeren, men opna vegen for at Det osmanske riket tapte krigen og at Bulgaria kunne verte sjølvstendig.
Busetnader
endreDei største busetnadene i kommunen er:
Busetnad | Bulgarsk namn | Folketal (2011)[4] | Folketal (2021)[2] |
---|---|---|---|
Pleven | Плевен | 106 954 | 92 101 |
Bukovlăk | Буковлък | 3 620 | 3 053 |
Slavjanovo | Славяново | 3 868 | 2 870 |
Jasen | Ясен | 2 442 | 2 015 |
Opanets | Опанец | 1 759 | 1 579 |
Grivitsa | Гривица | 1 699 | 1 518 |
Brestovets | Брестовец | 1 012 | 934 |
Koilovtsi | Коиловци | 1 014 | 851 |
Kjende personar frå Pleven
endre- Lucy Diakovska, pop- og musikalsongerinne
- Emil Dimitrov, songar og komponist
- Georgi Kirkov, poet
- Tereza Marinova, lengdehoppar
- Svetlin Rusev, målar
- Slavi Trifonov, underhaldar og songar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pleven» frå Wikipedia på svensk, den 3. mai 2017.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 Arkivert 2021-08-01 ved Wayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Население по статистически райони, области, общини, населени места, пол и възраст («Befolkning i statistiske regionar, regionar, kommunar og busetnader etter kjønn og alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
- ↑ Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»
- ↑ Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)