Malyj Tajmyr (russisk Малый Таймыр eller «Vesle Tajmyr») er ei øy i Laptevhavet i Russland. Ho ligg søraust for Severnaja Zemlja og nordaust for Tajmyrhalvøya. Like nordvest fors eg ligg den mindre Starokadomskijøya.

Malyj Tajmyr
øy
Land  Russland
Del av Severnaja Semlja
Areal 232 km²
Folketal 0
Kart
Malyj Tajmyr
78°07′00″N 107°13′00″E / 78.116666666667°N 107.21666666667°E / 78.116666666667; 107.21666666667
Wikimedia Commons: Maly Taymyr Island
Plasseringa til Malyj Tajmyr i Laptevhavet.

Malyj Tajmyr har eit areal på 232 km² og ligg ved 78°7′N 107°15′E / 78.117°N 107.250°E / 78.117; 107.250. Vilkitskijsundet går sør for Malyj Tajmyr og er dekt av pakkis gjennom den lange og harde vinteren. Det er òg mykje isflak i havområdet rundt øya gjennom den korte sommaren mellom juni og september.

Malyj Tajmyr høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatetet i Russland og Europa.

Malyj Tajmyr var oppdaga av Boris Vilkitskij i 1913. Tidlegare vart øya kalla Tsarevitsj Aleksej-øya eller berre Aleksejøya, etter son til tsar Nikolaj II av Russland. Men etter oktoberrevolusjonen i 1917 vart ho gjeven namnet Malyj Tajmyr. I 2005 vart det framsett eit forslag av styresmaktene i Krasnojarsk kraj om å gjenninføre det opphavlege namnet på øya.

Nord for Malyj Tajmyr ligg ei øy kalla Ostrov Oktiabrenok.

Malyj Tajmyr må ikkje forvekslast med Tajmyrøya i Karahavet.

Kjelder endre