Tajmyrøya (russisk Остров Таймыр, Ostrov Tajmyr) er ei stor øy langs kysten av Karahavet i Russland. Ho er 33 km lang og i snitt om lag 10 km brei. Øya ligg vest for Tajmyrbukta i eit område med mange skjer vest for Tajmyrhalvøya. Det smale sundet mellom Tajmyrøya og kysten av Sibir heiter Proliv Tajmyrskij og er om lag 3 km breitt.

Tajmyrøya
øy
Land  Russland
Del av Nordenskiöldøyane
Areal 350 km²
Folketal 0
Kart
Tajmyrøya
76°12′0″ N 96°7′0″ E
Wikimedia Commons: Taymyr Island
Plasseringa til Tajmyrøya i Karahavet, sør for Nordenskiöldøyane.

Kysten av Tajmyrøya og nokre av dei større naboøyane, som Nansenøya, Bonevi og Pilota Makhotkina er forreven med mange viker. Sunda mellom Tajmyrøya og naboøyane er òg noko labyrintaktig. Geologisk er alle desse kystøyane ei fortsetjing av Nordenskiöldøyane som ligg lenger nord.

Havet omkring Tajmyrøya er dekt av pakkis med noko polynja gjennom den lange og bitre vinteren og det er sjølv isflak i farvatnet om sommaren.

Tajmyrøya høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Historie endre

I oktober 1900, under den skjebnesvangre siste ekspedisjonen til Baron Eduard von Toll, vart det oppretta vinterkvarter for skipet hans «Zarja»Nabljudenijøya og det vart bygd ein forskingsstasjon her. Dette er ei lita granittøy som ligg sørvest for Tajmyrøya i bukta som Baron Toll kalla Bukhta Kolin Artsjera (Colin Archer-bukta), etter skipsverftet der «Zarja» vart bygd.

På mange kart står Tajmyrøya berre oppført som Tajmyra. Ho må ikkje forvekslast med øya Malyj Tajmyr, som ligg i Laptevhavet utanfor søraustkysten av Severnaja Zemlja.

Kjelder endre

Koordinatar: 76°12′N 96°07′E