Mintaqah
(Omdirigert frå Manatiq)
Minţaqah (arabisk منطقة, fleirtal مناطق manāṭiq) er eit øvste forvaltingsnivå i Saudi Arabia, Israel og Tsjad, og andre forvaltingsnivå i fleire andre arabiske land. Det vert ofte omsett som «region» eller «distrikt». Den bokstavlege tydinga er «region» eller «område».
Bruk
endre- Regionar i Bahrain (tidlegare øvste nivå, erstatta av guvernement)
- Regionar i Oman (tidlegare øvste nivå i lag med guvernement, i dag berre guvernement)
- Regionar i Tsjad (øvste nivå)
- Regionar i Saudi-Arabia (øvste nivå, over guvernement)
- Distrikt i Syria (andre nivå, under guvernement) - Ein mintaqah i Syria vart tidlegare kalla qadaa.
- Distrikt i Israel (øvste nivå)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mintaqah» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2014.