Mangersnes-funna

Funn av båtdelar frå første hundreåra etter Kristus

Mangersnes-funna representerar funn av dei eldste delane frå klikbygde båtar vi har i Noreg. Under grøftegraving på MangersnesRadøy i Alver kommune i Vestland i 1983, vart det funne mange restar eldre båtar. Det var skadde og utslitne band og bord. Det vart funne restar av trenaglar, tau av lindebast og keipar. Funna har vorte tolka som ein båtbyggarverkstad, som særleg viser spor av båtreparasjonar.

Ein keip frå Mangersnes var modell til komunevåpenet til tidlegare Radøy kommune

Den eine keipen er tidsfesta til ein gong mellom 30 f.Kr og 250 e.Kr. og er den eldste kjende keipen i Norden. Ein annan keip er frå tida 560-670 e.Kr. dette syner at denne bygge- og reparasjonsstaden har vore i bruk i svært lang tid.

Kjelder endre

Kjell Magnus Økland (2016). OSELVAR – Den levande båten. Skald forlag. s. 15-16. ISBN 978-82-7959-244-0.