Manuel de Falla

spansk komponist

Manuel de Falla y Matheu (23. november 187614. november 1946) var ein spansk komponist og pianist. I lag med Isaac Albéniz, Francisco Tárrega og Enrique Granados var han ein av dei viktigaste spanske musikarane frå fyrste halvdel av 1900-talet. Trass i at han skreiv relativt få verk blir han også rekna blant dei fremste kompinistane frå denne perioden.[1]

Manuel de Falla

Fødd23. november 1876
FødestadCádiz
Død14. november 1946 (69 år)
DødsstadAlta Gracia
FødenamnManuel María de los Dolores Clemente Ramón del Sagrado Corazón de Jesús Falla y Matheu
OpphavSpania
Sjangerorkester, klassisk musikk
Instrumentorgel, piano
Verka somkomponist, lyrikar, pianist
PrisarRidder av Æreslegionen, storkorset av Alfons X den klokes orden, Honorary Member of the International Society for Contemporary Music

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Falla var fødd i Cádiz.[1] Mora var den fyrste musikklæraren hans, men i ein alder av ni år blei han introdusert for den fyrste klaverlæraren sin. Frå slutten av 1890-talet studerte han klaver i Madrid under José Tragó og komposisjon under Felipe Pedrell. I 1899 blei han tildelt fyrstepremien ved ein klaverkonkurranse på musikkskulen sin. Frå den tida byrja han å bli kalla ved etternamnet sitt, de Falla, som han blei kjend under. Han verka også som pianolærar.[1]

Gjennom Felipe Pedrell blei Falla interessert i opphavleg spansk musikk, særleg i andalusisk flamenco. Ein kan sjå innverknad frå den opphavlege spanske musikken i mange av verka hans.[2] Blant dei tidlege komposisjonane hans er det nokre zarzuelaer, men det fyrste viktige verket hans er einaktsoperaen La Vida Breve, som han skreiv i 1905 og som fyrst hadde premiere i 1913.

De Falla budde i Paris frå 1907 til 1914, der han møtte komponistar som impresjonistane Maurice Ravel, Claude Debussy og Paul Dukas. Han skreiv likevel ikkje mykje meir før han vende tilbake til Madrid ved byrjinga av første verdskrigen.

Frå 1921 til 1939 budde de Falla i Granada, der han skreiv dokkeoperaen El retablo de Maese Pedro (1923) og ein konsert for cembalo og kammerorkester (1926). I desse verka er det spanske opphavet hans mindre tydeleg og ber i staden eit preg av Stravinskij og nyklassisk musikk.[3][4][5]

På 1920- og 1930-talet vitja de Falla ofte Barcelona og Catalonia, og knytte samband til ulike katalanske kunstnarar, kritikarar og intellektuelle, som Joan Lamote de Grignon, Oleguer Junyent, Frank Marshall, Rafael Moragas, Jaume Pahissa og Santiago Rusiñol.[6] Han fatta sterk interesse for cobla-ensemblet frå regionen, og gjekk på fleire konsertar med Cobla Barcelona.[6]

De Falla prøvde å stoppa drapet på venen sin, poeten Federico García Lorca i 1936, men lukkast ikkje. Etter at Francisco Franco sigra i den spanske borgarkrigen og tok makta i landet forlét Falla Spania og flytta til Argentina.[1] Etter dette gav han ikkje ut meir musikk, men heldt fram med å arbeida med verket sitt Atlántida og også verka som pedagog.[1] . Han døydde i Alta Gracia i Córdoba-provinsen i Argentina. I 1947 blei leivningane hans sende til Spania og lagde i domkyrkja i Cádiz.

Blant dei mest kjende verka hans er:

  • Nocturne for piano og orkester Noches en los jardines de España (Netter i spanske hagar, 1916)
  • Balletten El amor brujo
  • Balletten El corregidor y la molinera, som seinare blei til El sombrero de tres picos (1917)

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Manuel de Falla | Composers», Oxford Song (på engelsk), henta 1. desember 2024 
  2. Burns, Alex (26. september 2021), «Manuel de Falla 'Nights in the Gardens of Spain': Hola España!», Classicalexburns (på engelsk), henta 1. desember 2024 
  3. Hess 2001a.
  4. Hess 2001b, s. 234, 239.
  5. Hess 2004, s. 139, 146, 151.
  6. 6,0 6,1 Fontelles-Ramonet, Albert (2021). «Manuel de Falla catalanófilo: la sardana y la sonoridad de la cobla en Atlántida». Cuadernos de Música Iberoamericana 34: 271–306. doi:10.5209/cmib.74679. 


Bibliografi
  • Harper, Nancy Lee (1998). Manuel de Falla: A Bio-Bibliography. Bio-Bibliographies in Music 68. Westport, Connecticut: Greenwood Publishing. ISBN 9780313302923. 
  • Hess, Carol A. (2001a). «Falla (y Matheu), Manuel de». Grove Music Online (8. utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/gmo/9781561592630.article.09266. 
  • Hess, Carol A. (2001b). Manuel de Falla and Modernism in Spain. Chicago: University of Chicago Press. 
  • Hess, Carol A. (2004). Sacred Passions: The Life and Music of Manuel de Falla. Oxford and New York: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-972428-4.