Máo Zédōng (26. desember 18939. september 1976) var leiar av det kinesiske kommunistpartiet frå 1935 og leiar av Folkerepublikken Kina frå 1954 fram til han døydde i 1976.

Mao Zedong

Formann for Folkerepublikken Kina
Periode1954-1959
Fullt namntradisjonell kinesisk 毛澤東, forenkla kinesisk 毛泽东, Wade-Giles Mao Tse-tung
PartiKinas kommunistparti, Kuomintang
Fødd26. desember 1893
FødestadShaoshan
Død9. september 1976
DødsstadZhongnanhai
MorWen Qimei
FarMao Yichang
EktefelleLuo Yixiu, Yang Kaihui, He Zizhen, Jiang Qing
BarnMao Anying, Mao Anqing, Mao Anlong, Yang Yuehua, Li Min, Li Na
EtterfølgjarLiu Shaoqi
Mao Zedong (1927)

Leidd av Mao fekk partiet makta over størstedelen av Kina etter den kinesiske borgarkrigen. I Folkerepublikken Kina vert Mao gjeve æra for å ha skapt eit (nesten) sameint Kina utan utanlandsk innverknad for første gong sidan opiumskrigane. Samstundes er han kritisert for sin katastrofale økonomiske politikk, særleg under Det store spranget, for sitt brutale valdsstyre og den organiserte øydelegginga av kinesisk kultur under Kulturrevolusjonen. Mao er nokre gonger referert til som dei fire store: store lærar, store leiar, store øvstkommanderande og store styrmann (伟大导师,伟大领袖,伟大统帅,伟大舵手) . Kallenamnet formann Mao var det som vart best kjend i Vesten. Den politiske ideologien til Mao vert kalla maoisme.

Verk endre

Eit utval av Mao sine tankar, er attgjeve i Sitat frå Formann Mao Tse-Tung, kjend i Noreg som «Maos vesle raude».

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mao Zedong
 

Originaltekst av Mao Zedong ved Wikisource.

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.