Mapledurwell er ein landsby i Hampshire i England som ligg søraust for Basingstoke. Namnet «Mapledurwell» tyder 'lønnetrekjelde'.

Mapledurwell
landsby
Landsbydammen i Mapledurwell
Land  England
Region South East England
Fylke Hampshire
Distrikt Basingstoke and Deane
Kommune Mapledurwell and Up Nately
Folketal 620  (folketeljing 2011[1])
Kart
Mapledurwell
51°16′N 1°01′W / 51.26°N 1.01°W / 51.26; -1.01
Wikimedia Commons: Mapledurwell

Historie endre

 
St Mary kyrkje

Staden er nemnd i Domesday Book, der Anschill heldt landet for Edvard vedkjennaren. Frå 1086 blei det eigedommen til Hugh de Port som eit Great Manor som dekte sokna Newnham, Up Nately og Andwell. Eigedommen blei tapt av Adam de Port i 1172, etter at kongen gav han til Alan Basset. Han blei overført til Hugh de Despenser i 1306, som blei hengd av dronning Isabel i 1326. Eigedommen blei gjeven tilbake til familien Despenser i 1337, og blei verande i deira eige i to hundreår.

Kyrkja St Mary er dekt med flint, og stammar frå 1200-talet og 1400-talet. Ho blei restaurert på 1800-talet, og er ein verna bygning.[2]

I 1528 gav William Frost av Avington han til Corpus Christi College i Oxford, som var den viktigaste landeigaren fram til 1839. Denne lange eigarskapsperioden gjorde at små leigebruk forstette å vera den vanleg landbruksmetoden her, og inngjerding av landet - enclosure - fann stad relativt seint. På grimm av dette har området halde på eit ope landskap og gamle buktande vegar.

Opninga Basingstoke-kanalen i 1778, som gjekk gjennom norddelen av Up Nately, og utvidinga av mursteinsverk i nærleiken førte til mange industrijobbar i området.[3]

Mapledurwell er del av eit civil parish (kommune) som heiter Mapledurwell and Up Nately.[4]

Kjelder endre

  1. «Civil Parish population 2011». Neighbourhood Statistics. Office for National Statistics. Arkivert frå originalen 10. mai 2017. Henta 7 December 2016. 
  2. «CHURCH OF ST. MARY, Mapledurwell and Up Nately - 1092979 | Historic England», historicengland.org.uk (på engelsk), henta 15. oktober 2021 
  3. «Mapledurwell». Hampshire County Council. Arkivert frå originalen 3. oktober 2009. Henta 25. september 2009. 
  4. «Hampshire County Council’s legal record of public rights of way in Hampshire» (PDF). 2008. Henta 28. oktober 2010. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mapledurwell
  • John Hare, Jean Morrin og Stan Wright The Victoria History of Hampshire: Mapledurwell Institute of Historical Research, 2012 ISBN 1905165897 ISBN 978-1905165896