Maptaphut (thai มาบตาพุด, engelsk Map Ta Phut/Maptaput) er eit tambon-distrikt i Thailand. Det blir administrert av amphoe-distriktet Mueang Rayong, som igjen er underlagt provinsen Rayong. I 2006 var innbyggjartalet i Maptaphut 19 746.

Industri

endre

Maptaphut er ein viktig industrisone i Thailand, særleg for petrokjemiske stoff. På 1990- og 2000-talet opplevde innbyggjarane i området fleire døme på forureining, utan at fabrikkane eller politikarane såg ut til å gjera noko med det.[1] Etter protestar frå innbyggjarar i kommunane Mapthaphut og Ban-chang blei ny utbygging av industriområde i Rayong stansa av dei thailandske styresmaktene i juni 2009, «inntil de lokale myndigheter har laget en utviklingsplan for hvordan de håndterer forurensning i fremtiden».[2]

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Hariharan 2010
  2. Pattaya Tidende, 1. juni 2009, s.16

Bakgrunnsstoff

endre