Petrokjemi
Petrokjemi er eit fagfelt innan kjemi som tek for seg stoff og reaksjonar av råvarer frå petroleum (råolje og naturgass).[1] Faget er sentralt for prosessindustrien for olje og gass – petrokjemisk industri. Kjemikalia går gjerne gjennom fleire ulike typar prosessar, der det først blir framstilt halvfabrikata som igjen blir vidareforedla til petrokjemiske produkt.
Petrokjemisk industri byrja for alvor å bli utvikla i USA under andre verdskrigen og i etterkrigstida. I Noreg blei verksemda viktig frå 1950-talet.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Blindheim, Ulf (18. mars 2012). «Petrokjemi». Store norske leksikon.
- Denne artikkelen bygger på «Petrokjemi» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2017.