Mara Torti, fødd Veinović, (fødd 17. august 1944) er ein kroatisk tidlegare handballspelar som representerte Jugoslavia. Ho var venstre kantspelar, ein av dei beste kvinnelege handballspelarane i det 20. hundreåret.

Mara Torti
Idrett handball

Mara Veinovic vart fødd i Bosnia-Hercegovina og voks opp i Serbia. Ho spelte etter tur handball for Proleter frå Zrenjanin, Lokomotiva frå Zagreb og Dalmanada frå Split.

Mara Torti deltok i fleire verdsmeisterskap for Jugoslavia. I 1965 og 1971 sikra ho og laget seg VM-sølv. Høgdepunktet kom då det vart VM-gull på heimebane i desember 1973, ei turnering der ho vart toppskårar. Torti spelte 130 landskampar for Jugoslavia. Både i 1971 og 1973 vart ho kåra til årets spelar i verda.

Kjelder endre