Handball-VM 1973 for kvinner

Verdsmeisterskapen i handball 1973 for kvinner, den 5. i rekka, vart avvikla i tida 7. til 15. desember i dåverande Jugoslavia. 12 land deltok i turneringa: Aust-Tyskland, Danmark, Japan, Jugoslavia, Nederland, Noreg, Polen, Romania, Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia, Ungarn og Vest-Tyskland.

Frå gruppespelet gjekk dei åtte beste laga til ei todelt hovudrunde. Basert på plasseringa i desse to gruppene møttest laga til plasseringskamp, herunder finale og bronsefinale. I finalen vann vertslandet Jugoslavia 16–11 over Romania, etter 7–7 ved pause. Med 19 mål i turneringa vart Mara Torti toppskårar for Jugoslavia, ho vart også kåra til årets spelar i verda. Elles på meisterlaget utmerkte linjespelaren Katica Ileš, rykkromspelaren Jadranka Antić og målvakta Zdenka Ištvanović seg. Sovjetunionen fekk bronse gjennom siger 20–12 mot Ungarn.

Noregs mannskap enda på åttandeplassen, etter tap 10–12 mot Danmark. Laget bestod av Liv Fauske, Siri Keul, Tone Kluge, Karen Fladset, Sigrid Halvorsen, Inger-Johanne Tveter, Sissel Brenne, Astri Knudsen, Bjørg Andersen, Anne-Mari Krogsrud, Kari Aagaard, Unni Anisdahl, Hjørdis Høsøien, Wenche Wensberg, Grethe Andersson, Svanhild Sponberg.

KjelderEndra