Marchantiopsida
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Levermosar Marchantiophyta
Klasse: Marchantiopsida
Cronquist, Takht. & W.Zimm., 1966

Marchantiopsida er ein planteklasse innan levermosar. Det er om lag 440 kjende artar i denne klassa.

Kjenneteikn endre

Marchantiopsida har som klasse fleire kjenneteikn. Dei er alle thalloide, og vantar difor bladvokster. I motsetnad til levermosar i andre klasser er thallus hjå Marchantiopsida komplekst, med fleire (gjerne tre) cellelag. Det ytste cellelaget har mange porar, og sit gjerne litt laust. Innanfor ligg celler med mange kloroplastar, og inst eit lag med celler som lagrer karbohydratar. Her sit og rhizoidar. Desse er som oftast glatte.

Attåt kompleks thalloid struktur har marchantiopsidae fleire andre kjenneteikn, mellom anna at cellene i halsen på archegonia sit i seks rekkjer.

Hjå mange av artane i denne klassa sit både archegonia og antheridia på eigne stilkaktige utvekstar.

Klassifisering endre

Dei presise tilhøva mellom artane innanfor Marchantiopsida er ikkje kjend, men dei er delt inn i tre ordenar, som til saman omfattar om lag 440 kjende artar:

Kjelder endre