Marco Bode
Marco Bode (fødd 23. juli 1969) er ein tysk tidlegare fotballspelar, fødd i Osterode am Harz. Gjennom 14 år frå 1988 til 2002 spelte han i ein offensiv midtbaneposisjon i Bundesliga-laget Werder Bremen, ein fotballklubb der han vann både cupvinnarcupen, bundesligaen og tre gongar den nasjonale cupmeisterskapen. Med det tyske landslaget vart han europameister i 1996 og vann han VM-sølv i 2002.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødselsdato | 23. juli 1969 (55 år) | ||
Fødestad | Osterode am Harz i Vest-Tyskland | ||
Høgd | 189 cm | ||
Posisjon | Ving, spiss | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Werder Bremen (styreleiar) | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1989-2002 | Werder Bremen | 379 | (101) |
Landslag | |||
1995-2002 | Tyskland | 40 | (9) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreMed det sterke Werder-laget vart Bode i 1991 tysk cupmeister, etter ein finalekamp der det måtte straffeskyting til før Werder sikra seg DFB-pokalen på FC Köln sin kostnad. Dermed var Werder klar for Cupvinnarcupen, ei turnering som laget vann etter finalesiger 2-0 over AS Monaco i Lisboa. Den etterfylgjande 1992/93-sesongen gjekk Werder heilt til topps i den tyske seriemeisterskapen, eitt poeng framom Bayern München. Både våren 1994 og fem år seinare var Bode med å vinne den tyske cupfinalen i fotball, i 1994 med 3-1 over Rot-Weiss Essen og i 1999 etter straffeskyting mot Bayern München.
Bode spelte 379 seriekampar og skåra 101 seriemål for Werder i bundesligaen, fleire mål enn det nokon annan Werder-spelar har prestert.
Landslagsspel
endreBode deltok i 40 kampar og skåra ni mål for Tyskland landslag mellom debuten i 1995 og avskjeden i Fotball-VM 2002. I 1996 var han innbytar då Tyskland i London vann EM-finalen mot Tsjekkia på «golden goal». Også i Fotball-EM 2000 var han med i den tyske troppa, sameleis i VM i fotball 2002. I VM-finalen 2002 i Yokohama var Bode mellom dei elleve utvalde som møtte Brasil til dyst. Kampen enda med 2-0 til Brasil og landets fjerde VM-triumf, Tyskland (medrekna Vest-Tyskland) gjekk på sitt tredje finaletap i ein verdsmeisterskap.
Merittar
endre- Europameister: 1996 med Tyskland
- Vinnar av cupvinnarcupen: 1992 med Werder Bremen
- Tysk cupmeister: 1991, 1994 og 1999 med Werder Bremen
- Bundesligameister: 1993 med Werder Bremen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Marco Bode» frå Wikipedia på tysk, den 14. juni 2018.