Maren Grøthe
norsk politikar
Maren Grøthe (fødd 14. juli 2001) er ein norsk politikar frå Hølonda som 2021-23 representerte Sør-Trøndelag og Senterpartiet på Stortinget.
Maren Grøthe | |||
| |||
Fødd | 14. juli 2001 (23 år) Melhus kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Grøthe var medlem i kommunestyret i Melhus frå 2019, der ho vart vald til leiar av utvalet for helse og oppvekst.[1] Gjennom stortingsvalet 2021 vart ho vald til fyrste vararepresentant for Senterpartiet i Sør-Trøndelag. Då representanten Ola Borten Moe frå 14. oktober 2021 var statsråd i Støre-regjeringa, rykte Grøthe inn på fast plass på Stortinget, som den aller yngste nokon gong.[2] På Tinget var ho medlem i Utdannings- og forskningskomiteen. 4. august 2023 måtte Moe ga ut av regjeringa,[3] han tok då plassen sin i Stortinget.[4]
Kjelder
endre- ↑ Thobroe, Grete. «Første 20-åring som møter fast på tinget – lover å kjempe de unges sak». nrk.no (på norsk).
- ↑ «Grøthe ut av Stortinget». TV 2 (på norsk). Henta 10. august 2023.
- ↑ «Ola Borten Moe går av som statsråd». NRK. 21. juli 2023. Henta 21. juli 2023.
- ↑ «Grøthe, Maren (2001-)».