Opna hovudmenyen

Ola Borten Moe (fødd 6. juni 1976 i Trondheim) er ein norsk gardbrukar og politikar og fyrste nestleiar i Senterpartiet. Han er utdanna agronom og har statsvitskap og historie mellomfag frå NTNU.

Ola Borten Moe
Ola Borten Moe.jpg
Fødd6. juni 1976
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
Utdanna vedNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Innhaldsliste

Politisk karriereEndra

Moe vart valt inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke i 2005, etter å ha vore vararepresentant i perioden 2001–2005. Han var lokalpolitikar i Trondheim og medlem av Trondheim bystyre frå 1995 til 2007, og kommunalråd i Trondheim 1993–1996. Han var nestleiar for Kyrkje- og kulturkomiteen i Trondheim 1995–1999, og leiar for Oppvekstutvalet 1999–2003.

Moe var medlem av Senterpartiets programkomite forut for stortingsvalet 2005, og har ei særleg interesse for distrikts- og næringspolitikk. Frå haustsesjonen 2007 overtok han leiinga av Stortingets næringskomité etter at partifellen Lars Peder Brekk vart parlamentarisk leiar og trådde til i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. 4. mars 2011 overtok han som olje- og energiminister etter Terje Riis-Johansen.

StortingskomitearEndra

FamilieEndra

Moe er barnebarn av tidlegare statsminister Per Borten.[1] Han er gift med tidlegare stortingsrepresentant Anna Ceselie Brustad, som han gifta seg med i 2008.[2]

KjelderEndra

  1. Løset, Kjetil (4. mars 2011). «Ola Borten Moe går i bestefars fotspor». TV 2 Nyhetene. Henta 11. mai 2013. 
  2. Kasper Frøjd (10. april 2018). «Ola Borten Moe hardt ut mot Trine Skei Grande i sex-saken». TV2. 

BakgrunnsstoffEndra