Maren Mjelde

norsk fotballspelar

Maren Nævdal Mjelde (fødd 6. november 1989) er ein norsk fotballspelar frå Espeland i Bergen. Ho er lagkaptein på landslaget og spelar på Chelsea L.F.C..

Maren Mjelde
Playing for Göteborg in 2014
Personleg informasjon
Fullt namn Maren Nævdal Mjelde
Fødselsdato 6. november 1989 (34 år)
Fødestad Bergen
Høgd 1,65 m
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Chelsea
Nummer 18
Ungdomsklubbar
1995–2004 Fri IL
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005–2012 Arna-Bjørnar
2013–2014 Turbine Potsdam 31 (2)
2014 Kopparbergs/Göteborg FC 9 (0)
2015–2016 Avaldsnes IL 44 (9)
2016– Chelsea 46 (10)
Landslag
2007– Noreg 148 (19)
Utmerkingar
Kvinnefotball
For Noreg
EM
Silver medal – second place EM 2013 i Sverige Lag
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. mars 2020
‡ Landslagsmål oppdatert 10. mars 2020

Ho hadde per 10. mars 2020 spelt 148 landskampar for Noreg og skåra 19 mål. Mjelde spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland, der det vart norsk tap med 0-1. Erik Mjelde er hennar eldre bror.

Aktiv endre

Mjelde debuterte på Arna-Bjørnar i 2005 og spelte på laget til 2012. Frå 2013 var ho i halvtanna år aktiv i tyske Turbine Potsdam, før ho sommaren 2014 melde overgang til svenske Kopparberg. Der etter var ho Avaldsnes-spelar i sesongane 2015-16. Frå 2017 til -18 har Mjelde kontrakt med engelske Chelsea FC.

Landslagsdebuten fekk Mjelde 27. oktober 2007. Det neste året var ho kaptein på det norske laget som tok seg heilt til finalen i europameisterskapen for juniorar (J-19). Frå mars 2009 var ho tilbake på Noregs landslag og deltok både i Fotball-EM 2009 og VM 2011, oftast plassert på høgrebacken, men òg som midstoppar. Under EM i fotball 2013 i Sverige var Mjelde ein av dei beste norske spelarane i ein meisterskap som enda med finaletap 0-1 mot Tyskland. To år seinare utmerkte ho seg med eit frisparkmål i ein kamp mot Tyskland under Fotball-VM 2015, der Noreg seinare rauk ut allereie i åttedelsfinalane.

Sidan hausten 2015 har Mjelde vore kaptein for Noreg. Dei siste åra har ho på landslaget vekselvis vore midtstoppar og midtbanespelar.

Merittar endre

  • EM-sølv: 2013
  • EM-semifinalist: 2009

Kjelder endre