Opna hovudmenyen

Margaret Berger (fødd 11. oktober 1985 i Trondheim) er ei norsk songarinne frå Hitra. Ho representerer Noreg i Eurovision Song Contest 2013 med elektronikalåta «I Feed You My Love».

Margaret Berger
Margaret Berger, ESC2013 press conference 01 (crop) (cropped).jpg
Fødd 11. oktober 1985
Trondheim
Sjanger pop
Yrke songar, komponist, singer-songwriter
Margaret Berger opptrer i Trondheim i 2006.
Foto: Andreas Åkre Solberg.

I 2004 vart Margaret Berger kjend då ho kom på andreplass i andre sesong av Idol. Vinnaren det året vart Kjartan Salvesen, men Berger gav same året ut si fyrste plate, Chameleon. Songen «Lifetime Guarantee» frå albumet vann i Spellemannprisen 2004 i klassa for beste musikkvideo. Oppfylgjaralbumet hennar kom ut i 2006 med tittelen Pretty Scary, Silver Fairy.

Bidraget hennar til Melodi Grand Prix 2013 vart skrive av svenske Karin Park og duoen MachoPsycho (Noreg/Sverige). [1] Under finalen vann ho ein klår siger med 102 032 røyster. Til samanlikning fekk andreplassen, «Bombo» av Adelén, 59 414 røyster. [2]

EurovisionEndra

Eurovision Song Contest 2015Endra

Saman med Jan Thomas Holmlund, Anita Halmøy Wisløff, Marianne Jemtegård og Sverre Vedal sat Berger i den norske juryen som utgjorde 50 prosent av dei norske røystene i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike.[3]

KjeldeEndra