Margitta Gummel, fødd Margitta Helmbold (29. juni 194126. januar 2021) var ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Magdeburg som tevla internasjonalt i kulestøyt for Aust-Tyskland. Ho vart olympisk meister i øvinga i 1968, og tok tre sølvmedaljar i same øvinga i ulike europameisterskap og sommar-OL i tida 1966-72.

Margitta Gummel


Margitta Gummel i 1971

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 29. juni 1941
Magdeburg
Død

26. januar 2021 (79 år)
Wietmarschen

Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1964 Summer Olympics – women's shot put, athletics at the 1968 Summer Olympics – women's shot put, athletics at the 1972 Summer Olympics – women's shot put

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i gull, Sportsman of the year

Aktiv endre

Gummel deltok i dei olympiske leikane i Tokyo i 1964 og vart nummer fem med eit støyt på 16,91 m. To år seinare tok ho sølvmedaljen i kuletevlinga i friidrets-EM 1966 i Budapest, slått av Nadesjda Tsjisjova frå Sovjetunionen. I 1967 sette Gummel austtysk rekord i Havanna med 17,69 m.

I OL-sesongen 1968 gjorde Gummel veldige framgangar frå kuleringen. Ho forbetra i september den nasjonale rekorden til 18,43 m, og kort etter sette ho verdsrekord med 18,87 m. I oktober vann ho gullmedaljen under dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen. To gongar i OL-tevlinga forbetra ho verdsrekorden, fyrst til 19,07 m og så til 19,61 meter. Landskvinna Marita Lange fekk sølv og Nadesjda Tsjisjova bronse.

Den 11. september 1969 passerte Gummel 20-metersstreken med verdsrekordstøyte 20,11 m. Under EM i friidrett 1969 i Aten mista ho rekorden då Tsjisjova forsvarte EM-tittelen frå 1966 med ein støyt på heile 20,43 m, Gummel fekk sølv med 19,58 m i sluttprotokollen. To år seinare var Tsjisjova atter i ei klasse for seg og vann EM-gull i Helsingfors, medan Gummel hamna på bronseplassen med 19,22 m, tre cm bakom landskvinna Marita Lange.

I sin siste sesong, 1972, tok Gummel OL-sølv, den tredje ho fekk etter å ha vorte overgått av sin fremste konkurrent, Nadesjda Tsjisjova. Under sommar-OL 1972 i München braut Tsjisjova ei ny grense då ho sette verdsrekord med 21,03 meter og vart olympisk meister.

Kjelder endre