Mari Bjone
Mari Bjone (fødd 11. september 1970) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo. Åra 1990-93 og 1995-2000 vart ho noregsmeister i 400 meter hekk, under NM 1996 tok ho gullmedaljen også på 400 meter.
Mari Bjone | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. september 1970 (54 år) |
Idrett | friidrett |
Aktiv
endreBjone fekk sitt gjennombrot i 1990-sesongen, då ho vann langhekken i noregsmeisterskapen for fyrste gong og overraska med å ta sølvmedaljen på 400 meter. Det neste tiåret var ho den beste langhekkløparen i landet på kvinnesida. Under B-Europacupen for landslag på Fana stadion i Bergen den 28. juni 1996 presterte ho personbeste i spesialøvinga då ho vart nummer 4 på tida 57,06. Ionela Târlea frå Romania vann løpet med sine 55,61 sekund.
Bjone sanka 18 NM-medaljar i tida 1990-2002. Tolv (10-2-0) i 400 m hekk, fem (1-1-3) på 400 m og ein bronse i 100 m hekk. Ho melde seg inn i IL i BUL då ho var 12 år gammal og representerte idrettslaget til 2001. Etter ho fekk jobb på Høgskolen i Lillehammer var ho medlem i Lillehammer IF.[1][2]
Plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1990 i Split: Utslått i kvalifiseringa i 400 m hekk (59,65=nr 28)
- EM 1998 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa i 400 m hekk (58,13=nr 20)
Personbeste
endre- 400 meter: 53,67 (Oslo, 1996)
- 100 m hekk: 14,29 (Uddevalla, 1996)
- 400 m hekk: 57,06 (Bergen, 1996)
Utgjevingar
endre- Rapport fra prosjektet om toppidrett og utdanning ved Høgskolen i Lillehammer 2001-2003 : et samarbeidsprosjekt mellom Høgskolen i Lillehammer og Olympiatoppen. Lillehammer: Høgskolen i Lillehammer. 2003. ISSN 0809-1609.
- Barneidrettstreneren. Oslo: Akilles. 2012. ISSN 0809-1609. [med Inger Marie Vingdal]
Kjelder
endre- ↑ «Gudbrandsdølen Dagningen», www.nb.no (Nasjonalbiblioteket), 10. desember 2002, henta 18. september 2021
- ↑ «Gudbrandsdølen Dagningen», www.nb.no (Nasjonalbiblioteket), 7. november 2002, henta 18. september 2021